Report this review

SK
Sveinung Kolskår
NO · 1 review
15 Apr 2026

Manglende svar i flere måneder - dårlig kundeservice

Eg har dessverre hatt ein dårleg oppleving med kundeservice hos denne butikken. Eg tok først kontakt på telefon, og fekk då beskjed om å sende ein e-post slik at dei kunne sjå på saka. Det gjorde eg same dag (11.11.2025). No har det gått fleire månader utan at eg har fått noko svar. I mellomtida har eg sendt fleire purringar og også prøvd å ringe fleire gonger – utan å få kontakt. Saka gjeld eit problem med eit Vortex Crossfire 3-12x56 sikte, og utan respons frå butikken er det umogleg å få avklart garanti eller få hjelp. Eg opplever dette som svært dårleg oppfølging, spesielt når eg først fekk beskjed om å sende e-post. Eg ser også at fleire andre har opplevd det same her inne, noko som gjer dette ekstra skuffande. Eg håpar de tek tak i dette og gir ei tilbakemelding, då eg framleis ønskjer å få løyst saka på ein ryddig måte. Per no kan eg dessverre ikkje anbefale denne butikken basert på manglande kundeservice.

Date of experience: 15 Apr 2026

Our team checks every report against the guidelines. A review is never removed just because it’s negative.