Drittfirma utan sidestykke! Styr unna
Kunne eg gitt minus på stjerner, hadde eg gjort det! Meir råtten og bedriten kundeservice skal ein leite lenge etter. Vår walkingpad varte i ei lita veke før den starta å lukte brent og det ramla av små plastbitar frå undersida. Sendt inn sak og fekk svar at det berre var å sende inn den gamle så skulle vi få ny. Vi hadde resirkulert emballasjen walkingpad´en kom i, og vi fann ikkje tilsvarande å kjøpe. Vi spurte då om dei 1) kunne sende ny walking pad til oss slik at vi kunne nytte denne emballasjen til å sende den øydelagte i retur, eller 2) berre sende oss ein tom emballasje som vi kunne nytte. Dette var i januar 2025. Fram til no har eg purra på denne ganske enkle førespurnaden opptil fleire gongar i månaden, utan å få anna svar enn at eg må legge inn saka i supportsystemet deira eller at dei skal få nokon til å sjå på saka mi. Som førte til at eg både nytta supportsystemet deira og e-posten vi først hadde nådd dei på til å stille same spørsmålet, om att og om att, purra og purra. Sidan mars har vi ikkje høyrt noko frå dei trass purring i fleire kanalar. Det endte med at vi kjøpte oss ny walkingpad frå eit anna firma, og nytta den nye emballasjen til å sende den øydelagte walkingpad´en i retur til sportseksperten, og bad sjølvsagt om pengane tilbake. Det var før sommaren. Vi har framleis ikkje høyrt noko tilbake. Eg har oppretta sak på dei hjå Forbrukertilsynet, men det tek jo si tid å få saka opp for mekling der også. Det beste tipset eg kan gi til alle som vurderer å kjøpe frå Sportseksperten; hald dokker langt unna, dette er eit svindlarfirma som kjem til å ta pengane dine og stikke.